Ein liten markedshage mellom fjella i Lom som dyrkar kortreiste og usprøytte grønsaker

Om oss
Bøverdalen Veksthågå er ein liten markedshage i Lom. Markedshagen blei starta opp og hadde sitt fyrste produksjonsår i 2022. I 2023 skal det dyrkast på ca. 1 dekar.
På same areal som markedshagen har det vore dreve kjøkenhage gjennom fleire generasjoner, både til sjølvberging og til salg.
Markedshagen blir dreve av Ingvild Visdal Aukrust, som er oppvakse på garden kor hagen befinn seg, Sygard Aukrust.
Dei kortreiste grønsakene er dyrka på ein måte som ivaretek jordlivet, og på den måten legger til rette for god matjord og matproduksjon i framtida. Vi jobbar for å fremme større biologisk mangfold og minimere forstyrring av livet i jorda. Vi benyttar ikkje sprøytemidlar og kunstgjødsel på grønsakene våre. Vi benyttar i all hovudsak norskproduserte frø, og aler opp våre småplanter sjølv.
Vi driver fyrst og fremst med direkte sal til private kunder og bedriftskunder. Private kunder kan handle gjennom sjølvbetjeningsbu eller via abonnementsordning.

















